Sorga er ulik og alle sørger på sin måte. Det er uansett rom for i kyrkja,og du er aldri åleine. Kyrkja har lang erfaring med å møte og støtte sørgande – på denne sida finn du oversikt over korleis kyrkja kan være eit rom for deg og akkurat di sorg
Når nokon nær deg døyr, kan det oppstå mange tankar og følelser. I kyrkja er det tilsette som er vant til å møta mennesker i alle livssituasjonar. Du treng ikkje å vere medlem, aktiv i kyrkja eller truande for å nytte kyrkja sitt tilbod i sorga – det er gratis.
Alle kan benytte seg av kyrkja si hjelp
I kyrkja kan du finne ulike tilbud til deg som sørger. Det kan være sorggrupper der du møter andre i samme situasjon, du kan tenne lys i en åpen kyrkje, markere allehelgen eller be om ein samtale eller hjelp.
Eller kjenner du nokon som har mista ? Kyrkja kan også være rom for deg i din situasjon. Du også kan be om ein samtale, tenne lys eller du kan ta med deg tips og råd fra folderen "Førstehjelp ved sorg".
I Den norske kyrkje markeres allehelgen over heile landet. I ulike minnemarkeringer samlast mennesker i takk til Gud for livet som har vore, og i fellesskap i sorga og i saknet.
-Allehelgen blir markert i kyrkjene i Årdal 6. november 2022; sjå kalendaren under. De som har mista ein nær siste året er ekstra velkomne i kyrkjene denne søndagen. De er også hjarteleg velkomne til kyrkjekaffi etter minnegudstenesta.
-Tilsette i kyrkja er tilgjengelig for ein prat når du treng det. Vi har taushetsplikt, enten du vil ringe, chatte eller ha en videosamtale. Ingenting er for lite eller for stort å snakke om, det er rom for deg, ditt liv og dine spørsmål
Les om; Førstehjelp ved sorg