Kyrkjelydshuset på Årdalstangen


Fra reopninga av "nye" kyrkjelydshuset 27.10.2019.

Kyrkjelydshuset på Årdalstangen

Det var Tangen Kristenlag som bygde og eigde huset frå starten. Huset gjekk då under namnet Tangen Bedehus.

Ei testamentarisk gåve frå Severine Elvetun på kr 58 772,- var bakgrunnen for at arbeidet med å byggje huset kunne setjast igang i mai 1964.

Ei nemd med Ottar Kollsete i spissen leia planleggingsarbeidet frå starten og arkitekt Vikøren teikna huset som vart bygd for det meste på dugnad. Mellom 6000-7000 dugnadstimar vart utført av 10-12 personar over 3 år. Huset vart opna 26.desember 1966. Det var leiaren i Nedre Årdal sokneråd Knut Simensen som då stolt leia den første juletrefesten i storesalen i 2.etasje.

Huset er vigsla.

Kommunen overtok bygget i 1987 og har ytt midlar til vedlikehold, forsikring og oppvarming. Nedre Årdal sokneråd har sidan 2012 arbeidd med planar for utbygging av heis og toalett i bygget. Soknerådet starta innsamling og kronerulling til prosjektet, og Årdal kommune løyvde resterande midlar  i 2018. Utbygginga var ferdig til sommaren 2019. 

Huset blir nytta til ulikt arbeid i kyrkjelyden og ligg fint til i nærleiken av Årdal kyrkje. Huset er disponibelt til utleige. Ta kontakt med kyrkjekontoret viss du ynskjer å leiga lokale i huset.

 

 

Tilbake