Johanna Jansen er tilsett som kateket/kyrkjelydspedagog/ trusopplærar i Årdal


Johanna Jansen tek over stillinga som kateket etter Inger Anne Eldegard som gjekk av med pensjon 01.07.2021.

Johanna har jobba i skulane i Årdal og kjenner slik Årdal både på godt og vondt. Ho er aktiv innan kyrkjeleg arbeid og har tidlegare erfaring både som leiar i Sokneråd og Trusopplæringsutval. Johanna tek til i stillinga 1.mars, me ynskjer ho velkomen !

Tilbake