Kyrkja har behov for fleire frivillige


Søkjer deg som kan tenkja deg å bidra litt i ei kyrkje for alle i 2022 - året for frivilligheit:

Kyrkja i Årdal har behov for fleire frivillige i arbeidet med å gje gode og meiningsfulle aktivitetar til born og unge. Det er ulik type arbeid det dreier seg om, alt frå å bake ei kake eller lage anna mat i ulike anledninger,  bidra med anna praktisk arbeid i samband med aktivitar (tilrettelegging/rydding) eller bidra som trygge vaksne som borna og ungdomane kan snakke med og støtte seg til på ein tillitsfull måte. 

Frå hausten har Kyrkja planlagt å tilby ein møteplass i  Årdal for ungdomar frå 14-17 år der ungdomane kan sjå film, spele spel og ha det sosialt ilag med trygge vaksne. Det blir lagt opp til felles måltid av enten suppe, pizza eller gryterett. 

Har du lyst til å bidra med noko meiningfullt (lite eller stort) for barn og unge kan du ta kontakt med trusopplærar Johanna Jansen på tlf. 993 84 659 eller på e-post ; Johanna.Jansen@ardal.kommune.no

Tilbake