Årdal kyrkje blir stengt frå 5.februar


Kyrkja frå 1867 skal gjennom eit omfattande renoveringsprogram. 

Kyrkja blir stengt i omlag 6 månader, det vil likevel bli lagt til rette for at konfirmasjonsgudstenesta 12.mai kan haldast i kyrkja. Det skal leggast nytt skifertak på heile bygget, i tillegg skal takrenner og nedløp skiftast ut og all utvendig panel skal skrapast og målast på nytt. Arbeidet medfører at området rundt Årdal kyrkje blir avsperra med byggegjerde. I perioden arbeidet pågår vil gravferdssermoniane bli gjennomført i Farnes kyrkje, med transport av båra til kyrkjegarden på Årdalstangen og nedsetjing rett i etterkant. Gudstenestene som normalt skulle gått føre seg i Årdal kyrkje, blir haldne i kyrkjelydshuset.

 

Tilbake