Velkomen til Babysang hjå oss.
Samlingane er felles for Øvre Årdal og Årdalstangen og blir dette semesteret ca. annakvar torsdag kl.10.00 i Farnes kyrkje (Øvre Årdal) og i kyrkjelydshuset på Årdalstangen. Staden vil bli nærare kunngjort på fb-sida i forkant av kvar samling.Terskelen er låg for å delta, og det er heilt enkelt å koma på babysong. Det er ikkje noko krav til songprestasjonar. Mor og far si stemme er uansett den flottaste for barnet. I tillegg er det ein fin møteplass for både dei vaksne og babyane.
På samlingane er det ei enkel servering.
Kursleiarar : sangpedagog Laila Asperheim, organist Freek Ypma.
Påmelding på fb ; Babysong - kyrkja i Årdal