Helgemesse eller allehelgensdag er ein dag for minner knytta til dei som ikkje lenger lever hjå oss. I kyrkjene blir helgemesse markert første sundag i november. Då blir det feira minnegudsteneste i kyrkjer over heile landet. Vi inviterer til helgemesse i Årdal kyrkje søndag 03.november kl.18.00.
I gudstenesta denne kvelden vil vi minnast våre døde. Vi les namna på alle det er halde gravferd for i frå ei av våre kyrkjer sidan sist helgemessesundag. I år blir det èi felles gudsteneste for heile kommunen sidan Farnes kyrkje er stengt grunna renoveringsarbeid.
Helgemessesundag let vi saknet få kome til uttrykk gjennom lystenning, salmar, tekstar og bøner. Samstundes gjev vi håpet og livet rom, og takksemda over det som var, som vi får bere med oss vidare.
NB! Vi har sendt brev til alle som har sørgd for ei kyrkjeleg gravferd etter helgemesse i 2023. Har de vore ei ei gravferd ein annan stad, eller knytt til eit anna kyrkjesamfunn, er de varmt velkomne!