Ledig stilling som kyrkjelydspedagog/trusopplærar


Ledig stilling som kyrkjelydspedagog/trusopplærar i Årdal


 

Stillinga er 75% fast. Øvre Årdal sokn og Nedre Årdal sokn ligg i Årdal kommune i Vestland fylke. Kommunen har omlag 5200 innbyggjarar med eit godt utbygd tenesteapparat, og er ein kulturell-og idrettsaktiv kommune. Her er èi kyrkje i kvart sokn, i tillegg til eit funksjonelt kyrkjelydshus på Årdalstangen i Nedre Årdal sokn. Kyrkjekontoret ligg i Rådhus II i sentrum av Årdalstangen. 

 

Vi søkjer ein person som:

  • har kompetanse innanfor pedagogikk og kristendom
  • har erfaring med, og likar å jobba med barn og unge
  • har evne til å jobba sjølvstendig 
  • inkludera frivillige i arbeidet og etablera fellesskap der alle kan kjenna seg inkludert

Den som blir tilsett må vera medlem av Den norske kyrkja og kunna visa politiattest. Relevant erfaring kan erstatta formell kompetanse. Noko av arbeidstida må påreknast å bli lagt til kveld/helg. 

Arbeidsoppgåver:

  • Gjennomføra godkjente trusopplæringstiltak i sokna. Einskilde tiltak skjer i samarbeid med nabokommunane Lærdal og Aurland, andre organisasjonar, barnehagar og skular 

Vi tilbyr: 

  • ein spennande stilling der det er eit godt rom for å utvikla og satsa på arbeidet blant barn og unge i Årdal
  • løns-og arbeidsvilkår etter gjeldande regulativ og tariff
  • medlemskap i KLP

For meir informasjon om stillinga, kontakt kyrkjeverje Johanne Molland, tlf. 477 99 135 eller sokneprest Olav Nese, tlf. 975 00 650. Send søknad med rettkjende kopiar av attestar og vitnemål innan 25.november til Årdal kyrkjelege fellesråd, Postboks 41, 6881 ÅRDALSTANGEN / 

e-post; johanne.molland@ardal.kommune.no

 

Tilbake