Årdal kyrkjelege fellesråd


Liste over medlemar og varamedlemer 2021-2024:

Årdal kyrkjelege fellesråd er samansett av 2 medlemmer frå kvart av sokneråda, Sokneprest og ein kommunal representant, vald av kommunestyret. Kyrkjeverja er sekretær og sakshandsamar.Det er ikkje direkte val på fellesrådet. Det er sokneråda som kvar for seg vel dei to representantane som skal sitja i fellesrådet, og det er biskopen som peikar ut kva prest som skal sitja der.

 

 

Fellesrådet frå 01.12.2020:
Leiar: Kurt Bolstad, Nedre  Årdal
Nestleiar: Leif Åberge, Øvre Årdal

Medlemmer:
Hogne Linga, Nedre Årdal
Kjell Eldegard, Øvre Årdal
Wenche Lie Lysne, sokneprest
Anne Kauppi, kommunal representant
 
Vararepresentantar: Odd Arne Guttulsrød, Nedre Årdal
                                 Jinett Sem Johansen, Øvre Årdal
 

Fellesrådet sine oppgåver:

Det er Kyrkjelova § 14 som skal vera styrande for kva saker fellesrådet tek opp. Rådet er ansvarleg for:
- Bygging, drift og vedlikehald av kyrkjer
- Anlegg, drift og forvaltning av kyrkjegardar
- Oppretting og nedlegging av stillingar som vert lønna over fellesrådet sitt budsjett
- Å skaffa kontorlokale for dei tilsette i kyrkja
- Skaffa lokale, utstyr og materiell til konfirmasjonsopplæringa
- Andre oppgåver som til eikvar tid er pålagt av Kongen (regjeringa) eller departementet

Det er fellesrådet som er ansvarleg for kyrkja sitt samla budsjett. Fellesrådet vedtek budsjettet og følgjer opp korleis midlane vert brukte gjennom året.

 

Tilbake