Er de klare til å gifte dykk? Sa du ja på nyttårsafta? Vi har reservert kyrkjene til dykk. Heilt enkelt - like høgtideleg! Gift dykk på sjølvasten kjærleiksdagen-laurdag 14.februar, Valentines dagen ❤️
💚 Hadde det vore fint å vore gift, de berre kom aldri så langt?
💛 Hadde de planer som aldri vart noko av?
❤️ Vil de sleppe lang planlegginga, og berre gjere det enkelt?
💜 Drop-in er like høgtidleg, berre med mindre planlegging.
🤍 Slik fungerer det:
Hugs ID! Par som skal gifte seg må ha med prøvingsattest, den ordnar de på www.skattetaten.no - sendast kyrkjekontoret på førehand.
🍾🥂Bobler på kyrkjetrappa til dei nygifte
🙋♂️🙋♀️Kyrkja kan stille med vitne, om de treng det (men de kan óg ha med forlovarar)
Seremonien er enkel, men har ingen plassbegrensning. Ta gjerne med familie og vener. Neste par kjem like etter dykk.
Kyrkjerommet er godt egna til enkle seremoniar - vi stiller med kyrkjetenar, prest og organist/musikk. Vigselen tek ca 20 minutt.
💒 Alle par er velkomne til å feire og stadfeste kjærleiken! 🌈
📜 Førehandsregistrering kan de gjere under fana på denne sida: Livets gang/Bryllup
💰⌚ Alt er like gyldig og høgtidleg, berre med mindre planlegging, og heilt gratis!
Ta gjerne kontakt med oss om de har spørsmål