Datoar for konfirmasjon i 2026 er offentleggjort og påmeldinga er opna. Skjema for påmelding 2026 finn du på denne sida under fana ; Born og Unge
Datoar for konfirmasjon 2026 i Årdal er:
Farnes kyrkje : 3.mai
Årdal kyrkje: 10.mai
Konfirmasjon i kyrkja er for alle som ynskjer – enten om ein trur, tviler eller er nysgjerrig på kyrkja og kva den kristne trua er. Konfirmasjon i kyrkja handlar ikke bare om Gud og Jesus, men mest om livet og korleis me kan vera der for kvarandre og for verda.
Konfirmasjon i kyrkja er et tilbod og ein mogelegheit til å utforska noko nytt, dei store og dei små spørsmåla i livet, leik og moro, å vera sosiale og finna ro og kvile i ein ellers travel kvardag.
I kyrkja vil du på forskjellige måtar få med deg noko du har god bruk for no og seinere i livet. I kyrkja har me utdanna og engasjerte voksne som møter deg og tek dine spørsmål på alvor. Som konfirmant i kyrkja gjev vi deg tid til å bli enda bedre kjent med deg sjølv, kva du trur på og kva som er viktig for deg.
Kvart år reiser vi på leir, der du får gode opplevelsar saman med andre. På leiren skapar vi minner som du vil ha med deg resten av livet.
No er det de som er fødd i 2011 sin tur til å velgja! Om du ikkje er døypt er du også hjarteleg velkommen til å melda deg på. Ta kontakt med oss så sender me deg informasjon om påmelding og mogelegheit for dåp.
Kyrkja i Årdal ynskjer velkommen til ei innhaldsrik konfirmanttid