Plan for trusopplæring i Den norske kyrkja har som føremål å medverka til ei systematisk og samanhengande trusopplæring som
- vekkjer og styrkjer kristen tru
- gjev kunnskap om den treeinige Gud
- medverkar til kristen livstolking og livsmeistring
- utfordrar til engasjement og deltaking i kyrkja og samfunnsliv
Dette gjeld alle døypte i alderen 0-18 år, uavhengig av funksjonsevne.
Kyrkja i Årdal har opplegg for ulike alderstrinn i begge dei to sokna. For dei minste barna blir det lagt opp til at same aktivitetane skjer i begge sokna. For dei større barna er aktivitane oftast felles, men med ei rullering på begge sokna. Etter planen skal alle alderstrinn få tilbod ein gogn i året.
Me kan ikkje senda ut tilbod til andre enn medlemane om ikkje foreldra har bedt om det. Det går an å kontakte kyrkjekontoret om dette.