Namn: Årdal kyrkje, Nedre Årdal
Eigedom: Årdal kyrkje, Nedre Årdal
Gateadresse: Tangenvn.24, 6885 Årdalstangen
Kommune: Årdal
Gnr.5 Bnr.1
Bispedømme: Bjørgvin
Fylke: Vestland (Sogn og Fjordane)
Prosti: Sogn
Sokn: Nedre Årdal
Eigar: Nedre Årdal sokn
Forvaltar: Årdal kyrkjelege fellesråd
Byggjeår: 1867
Vigslingsår: 1867 Vigsla 19.desember 1867 av prost Hald
Bygningsstatus: Nåværende
Byggmeister: Agthe og Gade
Arkitekt: Chr. B. Christie
Tal på sitjeplassar: 370 (416) (+ ekstrabenker og galleri)
Den første kyrkja i Årdal var ei stavkyrkje, truleg frå 1100-talet, nemnt første gong 1323. Utvida og ombygd fleire gonger. Riven 1867. Dagens kyrkje vart reist like vest for stavkyrkja. Altaret endra på 1930-talet. Oppmåla ute og inne i 1967. Mykje av stavkyrkjeinventaret er på Bergen Museum: 3 altarfrontale, frå ca. 1300, 1325 og 1340, altarbaldakin frå ca. 1250, utskorne veggbilder frå ca. 1200, kyrkjedør og skåp frå 1200-talet, altartavle og preikestol frå 1616. Kjelde: På kyrkjeferd i S& F