Utviding av Farnes gamle kyrkjegard
Arbeidet vart starta opp 6.mai.
Det skal etablerast to nye kistegravfelt, med til saman 123 nye kistegraver og 81 urnegraver i minnelund. Den eksisterande gråsteinsmuren som står rundt eksisterande gravplass er verna og vil ikkje bli berørt av utvidinga. Ein vasspost skal oppgraderast og det skal lagast èin ny og det skal byggast ein binge med snuplass for driftsformål. Det skal etablerast ny universell tilkomst og gjennomgangsmoglegheit på gravplassen, i tillegg til eit minnesmerke/minnevegg for namna minnelund. Det vil også bli kummar for handtering av overvatn med tilhøyrande grøfter og armatur for lyssetjing utandørs. Det skal etablerast nye vegar og plassar med overflate som vil bli grusa, i tillegg til noko belegningsplater og gatestein. Rundt den utvida delen blir det sett opp gjerde i smijern. Til slutt vil det bli etablert ny plen på dei nye felta og planta nokre nye trær og busker. Anlegget er planlagt ferdig til november 2021.
Utvidinga er teikna og planlagt av ei lokalt nedsett nemnd og asplan viak v/ landskapsarkitekt Marianne Laa. Hovudentreprenør ved gjennomføring av arbeidet er Olav O. Hæreid AS.